Om å vera i glasbur

av Lars Borgersrud

Publisert i Dag og Tid 21. desember 2012


Per E. Hem peikar i Dag og Tid 14. desember på kor mykje han er mot bøker om «heltar og skurkar», og gjer seg samstundes ein snarvisitt til Arvid Brynes nye bok Krig og sannhet om major Oliver Langeland. Det er ikkje ei bok han har mykje å seia om. Hem er berre misnøgd med at Bryne samanliknar Administrasjonsrådet og Quislings kuppregjering i 1940. Hem går så langt at han med ein retorisk snert viser til Olav Riste og tek i bruk ordet «historieforfalsking».

Det er eit drygt stykke. Rett nok har Olav Riste brukt ein slik karakteristikk i eit usakleg og uklokt oppslag om ein professorkollega som han er ueinig med. Ein slik grov debattteknikk er ikkje til heider for Riste og er ikkje noko å kopiere. Det Bryne gjer i si bok om Langeland, er å ta opp den tråden som Langeland sjølv gjer i sine bøker etter krigen, nemleg å samanlikne Quislings kuppregjering med Administrasjonsrådet som utøvar av tysk maktpolitikk og gjennom det kaste lys over eit tabufelt og ei skammeleg rettssak etter krigen. Bakteppet var jo ikkje berre at det involverte Høgsterett, Stortingets presidentskap og ein mektig statsråd, men òg Stortingets eigen undersøkingskommisjon. Det er altså eit av dei store underliggjande konfliktfelta knytte til temaet om landssvikoppgjeret og mogleg riksrett Bryne (og Langeland) skriv om. Det bør han få ros for å ta opp utan å få slengt «historieforfalsking» etter seg.

Ein kjem ikkje frå at Administrasjonsrådet var eit produkt av Hitler, sjølv om ein aldri så mykje er oppteken av kva dei norske aktørane gjorde og tenkte, som til dømes Paal Berg, som Hem har skrive bok om. Administrasjonsrådet blei løysinga for Hitler då Quisling på seks dagar ikkje klarte å stogge den militære motstanden under felttoget i 1940. Og då Administrasjonsrådet heller ikkje klarte det, blei rådet frå 24. april 1940, samstundes med at Tyskland erklærte Noreg krig, sett under det kontrollsystemet («Beratentum») som Reichskommissariatet brukte overfor alle seinare «norske» regjeringskonstruksjonar: det kommissariske statsrådet frå 1. oktober 1940 og Quislings «nasjonale» regjering frå 1. februar 1942. Paal Bergs heilt unødvendige takk til Quisling kom fordi han visste kor makta låg (ikkje av di han meinte det). Slik sett var Administrasjonsrådet ikkje anna enn eit forvaltningsorgan for den tyske staten. Korleis er det mogleg i vår tid å skrive om Administrasjonsrådet (og Paal Berg) utan å gjera seg opp ei meining om dette aller viktigaste spørsmålet?

Då er det med undring eg les i Dag og Tid at Hem skriv at han «er i tvil om kor bra» Administrasjonsrådet var! Det er eit lågt presisjonsnivå for ein statsvitar, som attpåtil brukar ordet «historieforfalsking». Det er noko som heiter «å vera i glasbur»