Vanskelege «gråsoner»

av Lars Borgersrud

Publisert i Dag og Tid 18. januar 2013


Per E. Hem skreiv 14. desember om Arvid Brynes bok om Oliver Langeland at vi ikkje treng bøker om skurkar og heltar. Det er eg samd i. Men eit slikt syn kan vege lett om det berre er om «heltar» ein ikkje likar, som skyggjer over eigen uklåre eller berre er sidespor. Derfor tok eg 21. desember opp det han skreiv om Administrasjonsrådet og hans måte å lime ordet «historieforfalsking» på Brynes bok. Den 4. januar styrer Hem utanom og nektar òg for å ha brukt «historieforfalsking».

Kva skreiv Hem? Ta «historieforfalsking». Hem tek i bruk det då Bryne samanlikna Quislings seksdagarsregjering 9.–15. april og Administrasjonsrådet. Etter Hems syn er ikkje dette noko å vere samd eller usamd i, det er objektivt «feil». Tja. Eg peika på at Administrasjonsrådet som utøvar av tysk maktpolitikk blei oppretta nettopp av same grunn som Quislings seksdagarsregjering, nemleg for å få slutt på den militære motstanden. Slik eg les Bryne, er altså samanlikning på sin plass. Den 4. januar kjem Hem så attende med at han «har ikkje skulda (Bryne) for å forfalske historia». Nei vel? Hem skreiv: «Når det gjeld framstillinga til Bryne, er det altså ikkje berre tale om ulike syn på saka, men om feil og ei sterkt misvisande framstilling» (og han undra seg at boka til Bryne i det heile kom på trykk). Deretter viste han til Olav Riste som nyleg brukte «historieforfalsking» om ein kollega. Var dette berre ein anekdote? Uansett, det spreier gift i ordskifte. Og meir i same gata: Bryne er Lars Borgersrud «sin drabant», «Borgersrud har ... ingen innvendingar mot noko i Brynes bok». Endeleg så skriv Hem at eg er «retorisk» fordi eg lurer på kva han meiner med at han «er i tvil om kor bra» Administrasjonsrådet var?

Men det er Hems eigne ord. Det går rett på hovudsaka: Var Administrasjonsrådet eit «råd» som tente tyske interesser eller ikkje? Dette vil ikkje Hem svare på. I staden kjem han med ei utgreiing av at rådet var «for opptekne av» (å unngå ro, sabotasje etc.), «burde ha vore meir atterhalden» (i å samarbeide med tyskarane), «altfor naturleg» (å gå inn i forhandlingar med fienden) osb. Han konkluderer i same lei: Administrasjonsrådet var ikkje ei motregjering då det blei danna, og blei det heller aldri.

Hem har ikkje med seg Hitler og føremålet tyskarane hadde med rådet. Men Hitlers mål med det, som med Quislings «regjering», var å få slutt på motstanden. Quisling gav ordre om å avlyse mobiliseringa og om ikkje å gjere militær motstand. Så opplevde tyskarane at Quislings «ordrar» fekk motsett effekt. Ei rekkje nordmenn, blant dei Høgsteretts Paal Berg, primas i kyrkja, biskop Eivind Berggrav, og fylkesmann Ingolf Christensen og NS­renegatar som J. B. Hjort, Hans J. Jacobsen, Thomas Neumann og Otto Engelschiøn og andre (særleg næringslivsfolk), kunne overtyde sendemann Bräuer om at kongen ville kome attende og slutte fred, berre dei lét Quisling falle. Ved å la seg bruke i opprop og appellar om ro og orden, hindre sabotasje og stogge frivillige, overbeviste dei Bräuer, og Administrasjonsrådet kom på beina. Hitler gav dei få dagar. Han kravde av sendemannen forsikring om at denne «regjering» ville føre til slutt på krigshandlingane.

Rådet og underutvala sørgde for at norske arbeidarar sette i stand Værnes og Fornebu, slik at tyskarane kunne flybombe norske styrkar (det var og eit hovudpoeng i Langelands bøker). Men rådet klarte ikkje å få kongen attende eller å få avslutta krigshandlingane. Difor oppretta Hitler Reichskommissariat 24. april og erklærte Noreg krig. Frå då av var Terboven visekonge i Noreg og «regjeringa» hans sat i Berlin. Men reint administrativt styrde Administrasjonsrådet departementa framleis som ei regjering, medlemene blei lønte som statsrådar (Christensen som statsminister), og rådets protokoller og dokument blei del av statssekretariatets arkiv.

Det høyrer og med at Administrasjonsrådet gjorde mykje som ikkje direkte galdt krigen. Det har aktørane vore opptekne av å vise etter krigen, i samsvar med historikartradisjonen frå Sverre Steen og Magne Skodvin. Trass i at rådet var i strid med norsk lov også som «forretningsministerium» (fordi det ikkje var oppnemnt av kongen), blei medlemene «frifunnet» av Stortingets undersøkelseskommisjon etter krigen. Her spela òg andre forhold inn, som kva dei hadde drive med under siste del av krigen. Og ikkje minst for å unngå riksrettssak mot regjeringa Nygaardsvold.

Det er det Administrasjonsrådet gjorde, og alle vanskane deira som opptek Hem, ikkje kva Hitler ville med rådet. Slik kjem kven Administrasjonsrådet tente, inn i «krigens gråsoner». I staden er det greitt å vere mot «skurke/ helte»­bøker.